fredag, juli 03, 2009

Kreksene snakkar om metode og statistikk

Kreksene trykker gjerne Firda til sine bryst. Og vi synest stort sett Sogn og Fjordane er stor stas. Men ditta, altså, kunne vi ikkje berre la passere utan litt metodekritikk. For korleis har Firda eigentleg kome fram til at åtte av ti vil bu i Sogn og Fjordane?

Ida seier: idunn http://www.firda.no/nyhende/article4438169.ece
Ida seier: åtte av ti vil bu i Sogn og Fjordane. Du som har master i slikt: kva tykkjer du?
Idunn seier: om eg skal gisse?
Idunn seier: Dei spurte 10, og 8 sa at ja dei ville bu der.
Ida seier: Stilte seg opp ved døra til Shopping?
Idunn seier: mest truleg
Idunn seier: "hei, vil du bu her" "ka du ve???"
Ida seier: "jeu, vil no da"
Idunn seier: "Vil du og?"
Ida seier: "jeudå!"
Idunn seier: "ve du bu her?"
Idunn seier: "jaaaaaaaaaaaaaaa"
Idunn seier: "jeeeeeeeeeeeeeuu"
Ida seier: "biu? yyeeeahmnn."
Idunn seier: "fint da"
Ida seier: "flott! Du sa ja du og"
Ida seier: "diu då?"
Ida seier: "Ka? Om eg har ku?"
Idunn seier: "naaaaaaaaai"
Idunn seier: "pakta da vekk i fjor"
Ida seier: Lat meg gisse. Dei spurde Brufloten, sykkeldetektivane og ho som er leiar for Framtidsfylket.
Ida seier: Skinka vart og spurd. ho sa ja.
Idunn seier: også sommarvikaren på narvesen sa ja.

onsdag, juni 03, 2009

Eg er mildt sagt overraska over at 15000 personar i veka vel å bruke tida si på dette: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.6628338

Tydlegvis ein rollemodell og stil-ikon. På posten "noe dere lurer på?" kjem blant anna desse spørsmåla opp frå lesarane:

03.jun.2009 kl.13:54
Har du slanket deg/gått på slanke piller?

Hva liker du best av alkohol?
Hårfargen din, hos frisør eller i butikk?Hva heter den i såfall:)martine

Pia
03.jun.2009 kl.13:29
hvor mange kjærester har du hatt?

er du selvopptatt?
din bestebeste venn?
hva gjør du på fritiden?
har du hatt sex før?
hva gjør du på fester. drikker deg drita, danser eller den som sitter i et hjørne stille?


Spørsmål til kreksene, anyone?

fredag, mai 22, 2009

Når blei Frp eit buddhistisk parti?

Etter ein vaskeekte møkkadag, der eg grunna ytre forhold vekselvis har vore nær ved å hoppe på sjøen, kaste andre over bord, gnage av meg armen, slamre hauet i bordet eller berre la tårene sile mens eg ruggar monotont på stolen, er det fantastisk å kome heim til skikkelig snuff-perle i innboksen. Her trur A1-Christian at han er Elton John, mens han lirer av seg grensesprengande politiske visjonar om at folk flest planta i går og tar ansvar fordi dei høster det dei sådde og bygger framtida lag for lag og i dag, men vi må handle no; for frihet vi skaper saman, når ein pluss ein er meir enn to og kvar og ein er sin eigen lykkes smed i dag.



Altså, i følge denne logikken: At eg i dag havna i eit lite armageddon, er altså min eigen feil. Det er eit resultat av slett såmannskap. Hugs det, neste gong papirposen ryk så tolv egg og seks øl knusast mot asfalten. Tygg litt på den, når du får dysenteri dagen før din eigen bryllupsdag. Og gløym det ikkje, når du mistar jobben samme dag som du knekk ei fortann og oppdagar at nokon har ripa opp bilen din: Det du haustar i dag, planta du i går. Nobody's fault but mine.

Dette har jo så sterke fellestrekk med ei overforenkla karmatru at ein ikkje kan utelukke ei buddhistisk vending i Frp. For dersom også buddhismen har avfødt gretne, pietistiske mørkemenn, kan eg tenke meg at det er slike ting dei står og freser fra ein trekasse i ein park i Wakkanai, med heva peikefinger og spytt i barten.

For å seie det rett ut: Hvis ein har ei karmafundamentalistisk tru og den mentale kapasiteten til ein gjennomsnittlig Frp-velgar, og så benkar seg opp foran pianoet for å synge ein song om det, så, ja - du skjønte det sjølv.

(Men veit nokon kva pokker som skjedde med r-ane hans? Eg synest å høyre ei viss kjend, hard rulling. Har han flytta til Flokeneset? Blitt kjæreste med Gaahl? Eller er han berre ein fjorda-hag?)

søndag, april 19, 2009

Aldeles ikkje, snarare tvert i mot.

Eg er klar over at Kreksene kanskje er for spesielt interesserte, men vil likevel kome med følgande kunngjering, etter at både støtteerklæringar og wtf-meldingar har tikka inn dei siste dagene. Til tross for eit liktklingande navn, etterfulgt av "journalist og feminist" har eg ikkje skrive det ellers flotte innlegget i den fine avisa med den raude stripa i toppen.

Følgande signaturar kan heller truleg aldri krediterast underteikna:
Journalist og gardist
Journalist og bolsjevist
Journalist og prydbuskist
Journalist og nefertitist
Journalist og tomtenissist
Journalist og misjonist
Journalist og organist
Journalist og fauvist
Journalist og urbanist
Journalist og muppetshowist
Journalist og gestapist
Journalist og hobbittist
Journalist og ragdeist
Journalist og onanist
Journalist og tubaist
Journalist og elitist
Journalist og kreasjonist
Journalist og grorudist
Journalist og kurist
Journalist og flipflopist
Journalist og dadaist
Journalist og nudist
Journalist og fjukenist
Journalist og resepsjonist
Journalist og frimurerist
Journalist og McCarthyist
Journalist og hegemonist
Journalist og lanoist
Journalist og rasjonist
Journalist og kranselagist
Journalist og søviknesist

Meir sannsynlege bylines:
Journalist og separatist
Journalist og gerhardsenist
Journalist og narsissist

Skulle det vere noko meir, er det berre å ringe.

torsdag, mars 26, 2009

Yyeeee-had!

Mulig det berre er eit nok eit uttrykk for at eg har blitt overurbanisert. Men kva i alle mine krigsdagar er dette for ein demo?

Riktignok har eg tidlegare på denne bloggen trua med å menstruere på bønneteppet og familiekoranen til bin Laden hvis han skulle våge å fyre av så mykje som ein nyttårsrakett utan styrepinne i nærleiken av nokon av dei eg er glad i.

Når det kjem til utsegn som "Vi er berre ute etter åndskreftene som ligg i islam. Islam har som mål å innta verda, det må vi vere merksame på" blir eg for ein gongs skuld både matt og mållaus. Nesten. Men sidan eg først er i gang å krekse om det får ein avslutte på ein forsøksvis anstendig måte. Punktvis.

  • Eg blir skremt av åndskreftene som finnast i Førde
  • Frk fjas, du som har tilbragt over eit år i dette ormebolet av bebarta muslimar som både drikk moské-te kvar fredag og seier bismillah når dei håper at laptopen ikkje skal kræsje, samt går så langt som å gje deg ein koran i lommeformat: Korleis klarer du å stå i mot snikislamiseringa?
  • Eg har for all del ingenting i mot romskrot som mennske. På ingen måte. Men eg håper at de set Olefinebollane i halsen, at de alltid vil måtte gå med våte sokkar, at sausen alltid vil skille seg og at døtrene dykkar kjem heim med ein skikkelig utenlandsk kjæreste. Dessuten håpar at dei elendige plakatane gjer at de bles på Anga og aldri kjem på land igjen. (Jepp, det er pubertalt og seie noko slikt, men vi har då for all del, som de seier sjølv, ytringsfridom.)
  • Føkkihelvete, sniknautiserte sausenebb.

fredag, februar 20, 2009

Eit globalt problem

Ida gneg i Oslo, Idunn tassar rundt i Bangladesh. Enda godt dei framleis har noko til felles.


Ida sier:
lurer på om eg og har fått isjas. det hadde no vore likt seg
idunn sier:
DU
idunn sier:
gissa kven som vakna i dag med, ja NETT SO
idunn sier:
isjas!
Ida sier:
GJE DEG!
Ida sier:
du vakna ikkje med isjas?
Ida sier:
men hvis du og har isjas, blir eg alvorlig redd
idunn sier:
av synkronisjasjen vår?
idunn sier:
det verte jeggu eg og
Ida sier:
fåyt fan
idunn sier:
sjølv om det er litt godt og
Ida sier:
og eg skal isje med deg?
idunn sier:
å vite at du sit der på andre sida og veit korleis eg har det
Ida sier:
dei siste dagane har eg knekt saman i smerte når eg har reist meg. så må eg le fordi det er så avsindig vondt, og fordi det er så inni granskauen solfrid rørlien saue å ha ilt i hofta
idunn sier:
dååååååååårleg teikn
idunn sier:
eg går som ein gangsta frå brooklyn
Ida sier:
du _tassar_ som ein gangsta frå brooklyn?
idunn sier:
korrekt
Ida sier:
tøft
idunn sier:
eg kjenner meg ganske tøff, ja
idunn sier:
ingen vågar prate med meg
Ida sier:
pimp walk i sure sandalar

torsdag, februar 12, 2009

Anna Wintour in spe

Du veit du har jobba for lenge i fashion-bransjen når du blir oppriktig indignert og provosert av å bli seated på second row.

Nokon, send meg på omskulering. Værsåsnill. Subsidiært fang meg i ein brun striesekk og sett meg til å steike sveler i Movika til eg ikkje lenger kan seie "haute couture".